Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Arkiv Haust 2012

Film program

11. desember, Spurvene

 

Regi: Aleksei Fedorchenko (Russland 2010) 1 t. 18 min

Miron er direktør på papirfabrikken, der er og Aist tilsett. Då Miron si unge
kone Tanya døyr, ber han Aist om å hjelpa seg med å ta farvel med den døde,
slik ein brukar å gjera det i den gamle Merjakulturen.

Merjafolket skal ha vore eit gamalt finsk-ugrisk folk som levde i området der
elvane Volga og Kostroma flyt saman, sentralt i Vest-Russland. Merjakulturen,
slik han vert framstilt i denne filmen, er for lengst vorten assimilert inn i slavisk
og seinare russisk kultur. Historia i Spurvene byggjer på ei antaking om at det
gamle finsk-ugriske Merjafolket framleis eksisterer, at dei lever blant andre
russarar og kjenner kvarandre att ut frå tegn som ingen andre skjønar. På denne
måten skapar denne filmen eit ukjent rom midt inne i det som ser kjent ut. Om
alt som vert fortalt om Merjakulturen, er like sant, kan me stilla spørsmål om.
Fedorchenko sin forrige film var ein "mockumentary" om at russarane landa på
månen før amerikanarane. Alt tyder på at Spurvene er ein film som oppfordrar
oss til å sjå betre etter i den verda me trur me kjenner.

Merjafolket har ingen gudar, dei trur på kjærleik og vatn, vert det sagt i filmen.
Den døde Tanya skal difor brennast på ein nøye utvald stad, og oska hennar
skal spreiast i vatnet. Det tyder og at han som sto den døde nærast, skal fortelja
om Tanya, om dei mest intime opplevingar han hadde saman med henne, som
han aldri ville delt med andre medan ho framleis levde. Med det gjev Miron
og Aist seg ut på ei underleg reise, to vaksne menn i ein bil med ei død kvinne
pakka inn i eit ullpledd.

”Spurvene” er fotografert av Mikhail Krichman som tidlegare har jobba med
Andrei Zvyagintsev på filmane ”Tilbake” og ”Forvist”.

 

27. november, Vinduet mot bakgården

 

Official Trailer #1 - (1954):

Org. tittel: Rear Window
Regi: Alfred Hitchcock  (USA 1954)  Lengd: 112 min

Fotografen Jeffries vert skada under eit farleg oppdrag og må tilbringe restitusjonstida heime i
leiligheita si, bunden til ein rullestol. For å få tida til å gå, skrur han av lyset og held oppsyn med
naboane på andre sida av bakgården. Etterkvart får han mistanke om at ein av desse, juvelhandlaren
Lars Thorwald, har drepe kona si.

Heile filmen er skoten på ein og same lokalitet, bygd opp ved Paramount Studios. Det aller meste
er filma frå Jeffries perspektiv, gjennom vindauget mot bakgården. Å skape ein nerverøskande
spenningsfilm ut frå slike avgrensa rammer seier sitt om Hitchcock sitt format. I kinosalens mørke
vert publikum på godt og vondt eitt med hovudpersonen, dels som nysgjerrig kikkar og dels som
hjelpelaust vitne.

I tillegg til dramaet bak juvelhandlaren sitt vindauge, vert me vitne til løyndommane i
kvardagslivet, slik dei faldar seg ut gjennom bakgårdsvindauga i ei mengd andre husvære. Desse
innblikka kan reknast som ein kommentar til samfunnet generelt og ekteskapet spesielt.

 

13. november, Moon

 

Regi: Duncan Jones (Eng 2010) 1t 37min
Lunar Industries forsyner jorda med Helium 3, eit stoff som gir livsviktig
radioaktivfri energi. Sam (Sam Rockwell) jobbar for Lunar Industries og
har i tre år vore einaste arbeidar i gruveoperasjonen på månen. Sam arbeider
ikkje fysisk i gruva; alt er heilautomatisk, men den menneskelege hjernen - og
hendene hans  er viktige ved reperasjonar og generelt vedlikehald av basen. Sam
Rockwell imponerer stort i rolla som Sam Bell; han held på å gå frå forstanden
på grunn av einsemd, og den eineste kameraten hans er den snakkande
datamaskinen GERTY (Kevin Spacey). Av og til får han videobrev frå jorda
frå kona og dottera si samt frå hovudkvarteret til Lunar Industries. Sam gler seg
som eit barn til å reise heim; han har to veker igjen av tenesta då det begynner å
skje merkelege ting på og rundt basen.

”Moon” er debutfilmen til den britiske regissøren Duncan Jones, son av David
Bowie, og det er tydeleg at han har arva faren sin fascinasjon for det ytre
rommet. Filmen er blitt ein såkalla hard science fiction der ei form for realisme
blir føretrekt i så vel handling som visuelt, framfor action og spektakulære
effektar. Likskapen med Stanley Kubricks ”2001 en romodysse” (1968) er
slåande, men dette er ingen remake!
Sam Rockwell briljerer i rolla som Sam og ber heile filmen stort sett ålene.
Dette er dog ei sanning med modifikasjonar. Musikken på ”Moon” er perfekt for
å setje tilskodaren i den rette stemninga. Clint Mansell er ein av mest spennande
filmkomponistane i vår tid. Samarbeidet hans med Darren Aronofsky på
filmane ”Pi”, ”Requiem for a dream”, og ”Fontenen” har skapt han eit namn vi

må rekne med i lang tid framover. Foto på Moon er det Gary Shaw som står for,
og saman med Nicolas Gasters klipp skaper dei alle saman ei komplett science
fiction filmoppleving.
”Moon” har alt vunne fleire prisar, blant anna i Edinbourg og i Seattle.

 

 

30. oktober, Blikktrommen

 

Regi: Volker Schløndorff (Tysk 1979)  1t 40min                   
Oskar, ein gut i fristaden Danzig på 20-talet, nektar å veksa meir etter 3 årsdagen, for alle vaksne er hykleriske.
Han slår på blikktromma si og skrik i opprør så glass knuses. Også då krigen bryt ut er det trommeslag han reagerer med.

Frank Kjosås leser: http://www.youtube.com/watch?v=tUEGhlkqMPo

Tatt frå http://cinemateket-usf.no

Die Blechtrommel. Regi: Volker Schlöndorff, Vest-Tyskland/Frankrike/Polen/Jugoslavia, 1979. Manus: Jean-Claude Carri¨re, Franz Seitz og Volker Schlöndorff, etter en roman av Günther Grass. Foto: Igor Luther. Musikk: Maurice Jarre. Medv: David Bennent, Mario Adorf, Angela Winkler, Daniel Olbrychski m.fl. Tysk tale, norske undertekster. 35mm, farger, 2 t 25 min.

Blikktrommen

Blikktrommen er fabelen om Oskar Matzerath, basert på Günther Grass' surrealistiske roman ved samme navn. Filmen beskriver to tiår i Danzigs historie. I en periode hvor den omstridte byen slites mellom gryende nazisme og økende konflikter mellom byens polske og tyske befolkning, vokser Oskar opp med en polsk biologisk far og en tysk adoptivfar.

Oskar fødes inn i en evig sirkel av dobbelmoral og hykleri, og gjennomskuer fra første stund de voksnes løgner og fortielser. Han nekter å bli en del av de voksnes verden, og bestemmer seg på sin treårsdag ganske enkelt for å slutte å vokse. Oskar velger å forbli fanget i en barnekropp for å unngå å vokse inn i de voksnes bedragerske verden. Til samme treårsdag får han også en blikktromme i gave, en tromme som skal bli hans kjæreste eiendel, en eiendel han aldri gir slipp på og er villig til å drepe for å beholde. Med trommen og et skingrende skrik som forsvarsvåpen møter Oskar fremveksten av Det Tredje Riket, invasjonen av Polen, Holocaust og det hykleriske etterkrigs-Europa.

Blikktrommen fikk i sin samtid bred kinolansering, men støtte i enkelt land på problemer. Blant annet ble den i Ontario i Canada forbudt på grunn av påstander om barnepornografi. Så sent som i 1997 ble filmen forbudt og konfiskert (riktignok bare i noen måneder) i Oklahoma i USA for å være støtende og barnepornografisk. Selv om filmen har noen scener som kanskje er støtende i de innerste markene av Oklahoma, er filmen ikke barnepornografisk.

Hvorvidt Oskars kamp mot verden ved hjelp av trommen og skrikingen er et vakkert symbol på sosialt opprør, eller om han bare er verdens mest motbydelige drittunge, har delt verdens kritikerkorps siden den kom på kino. Det eneste som er sikkert er at Blikktrommen er en film som får tankene til å spinne, og er på ingen måte enkel og entydig. Filmen er full av symbolikk og burleske underfundigheter. Den gjør sitt ytterste for å gjøre narr av nazismen, men er ikke en ren satire. Det er like mye en tragedie spekket med makaber og dyster humor. Blikktrommen delte Gullpalmen med Apokalypse nå! i Cannes i 1979, og fikk Oscar for beste utenlandske film samme år.

Magnus Holtermann

 

16. oktober, Jakten

 

Regi: Erik Løchen (Noreg 1959) 1 t 34 min

”Jakten” (1959) var Erik Løchens debut som spelfilmregissør. Den innvarsla
ein ny type film i Noreg inspirert av den franske nye bølgja innan fri
forteljeteknikk som starta i same periode med regissørar som Francois Traffaut
og Jean-Luc Godard.
Overrasakande klipping, lekker naturfotografering og framandgjerningseffektar,
som t.d. å la skodespelarane og ein voice-over venda seg direkte til publikum
og kommentera handlinga, pregar filmen. Slik får han samstundes ein snev av
nyhendereportasje.

Historeia er ordinær nok: Den rullar opp eit trekantdrama om to menn som har
lyst på den same kvinna. Vi følgjer dei nokre dagar på rypejakt, ei jakt som
endar brutalt. Eller - gjer ho det?

Med ansvar for regi, manus, klipp og jazzmusikk i filmen leikar Løchen seg
med publikum sine foreventningsr om kva ei filmhistorie skal ha i seg. ”Jakten”
er tvillaust eitt av hovudverka innan norsk filmmodernisme. Pressa her heime
meinte filmen var prisverdig dristig og medviten formeksperimentell. Den blei
då òg tatt ut til hovudkonkurransen i Cannes i 1960.

 

2. oktober, Nader og Simin- et brudd

 

Regi: Asghar Farhadi (Iran 2011) 2t 3min
Familiedrama sterkt inspirert av Ibsen. Filmen viser religiøse, politiske og kulturelle dilemma i Iran av i dag som òg er lett  overførbare til vestlege land. Vi ser korleis ei enkel hending, ein rettssak, vert ein katalysator som får fram ein underskog av klassemotsettingar og personlege kompleks.                     
Prisbeløna i Berlin for både skodespeleri og regi i 2011.

 

18. september, I´m not there

 

Regi: Todd Haynes (USA 2007) 2t 15min
Me blir tekne med på ei ukonvensjonell reise gjennom Bob Dylans liv og musikk. Filmen beskriv Dylans mange sider og identitetar. I ein serie samanvevde historier portretterer seks forskjellige skodespelarar Dylan i ulike tidsepokar. Filmen er eit fargerikt portrett av eit verdensberømt amerikansk ikon.

 

4. september, Oslo 31. august

 

Tittel: Oslo 31. august
Regi: Joachim Trier (Noreg 2011) 1 t 34 min
Tysdag 4. september klokka 19.30

Oslo 31. august vert rekna som eit høgdepunkt innan norsk film dei siste
åra. Filmen er sett til Oslo den 31. august. Hovudpersonen Anders (Anders
Danielsen Lie) er i ferd med å avslutte narkotikarehabilitering på landsbygda
og har fått permisjon for å gå på jobbintervju i heimbyen. Han nyttar høvet til å
vandre rundt i Oslo-gatene, og treffer gamle kjende. Gjennom eit døgn kjem me
tett på Anders sitt søk etter ei meining i tilværet. Han meiner han har kasta bort
alle sjansar for å lukkast med noko og svikta dei han er glad i. Att står ei kjensle
av djup isolasjon.
Filmen er regissert av Joachim Trier, som tidligare har laga Reprise
(2007). Både Reprise og Oslo 31. august fekk filmkritikarprisen. I juryen si
grunngjeving for sistnemnde stod det: "Det er en film som virkelig skiller seg ut
og plasserer seg i en klasse for seg selv. (...) Filmen forteller en lavmælt, men
voldsom historie om å være fanget av egne forventninger, gjennom én persons
mørke blikk. Det er rørende og opprørende, men aldri sentimentalt." Juryen
framheva òg korleis filmen skildrar byen Oslo med ein genuin kjærleik ein
sjeldan ser.
Trier er barneborn av regissør Erik Løchen, som mellom anna er kjend for
Jakten (1959), som vert vist i filmklubben seinare i haust.