Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Om Kvam filmklubb

Filmklubb info

Om filmklubben

Kvam filmklubb er tilslutta Norsk filmklubbforbund

A-medlemskap koster kr.250,- pr. semester, då er alle filmane gratis.
B- medlemskap koster kr.100,- pr semester, då betaler ein kr.50,- for kvar film ein ser.

Kvam filmklubb driv kinoverksemd med fokus på dei ikkje-kommersielle filmane. Me ynskjer å tilby ei større bredde innan kinofilm, frå dei heilt nye filmane frå andre sida av jordkloden til små og store klassikarar. Kvart semester set me saman eit program som prøver å vise bredda innan filmverda.

Filmane våre vert viste annankvar tysdag i Kvam kino klokka 19.30. Dørene opnar ein halv time før og me sel kaffi og kake. Før kvar visning vert det halde ei innleiing om kveldens film. Slik ynskjer me å gje medlemane våre større innsikt og nye innfallsvinklar til dei einskilde filmane.

Klubben starta opp hausten 2006 og har vore aktiv sidan. Frå våren 2011 vart den gamle 35mm-framvisaren bytta ut med digitalt utstyr.

Me ynskjer gamle og nye medlemmar hjarteleg velkommen

Styret i Kvam filmklubb:

Nick Christensen (leiar)(Webansvarleg) 
Jan Visser (kasserar), 
Margith Skurtveit (skrivar), 
Hans Edvard Rolle Olsen, 
Torunn Øvsthus, 
Eirik Lillebø Wiken, 
Silje Ensby,
Vara: Karen Noer Korssjøen,

Facebook: https://www.facebook.com/Kvam-filmklubb-139208496128754

Vel møtt til filmklubb!

Kontakt: This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it    Kvam filmklubb, v/Nick Christensen, Porsmyrvegen 229, 5610 Øystese