Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Arkiv Vår 2012

Film vår 2012

24.april I en bedre verden

Regi: Susanne Bier (Danmark 2010) 1t 50 min

Anton er lækjar og pendlar mellom ein flyktningleir i Afrika og heimen sin i Danmark der han har to små søner. Han har svikta kona si Marianne, og dei freistar no å venna seg til eit liv utan kvarandre. Oscar for beste framandspråklege film i 2011

 

10. april Gutten med sykkelen

 

Regi: Jean Pierre Dardenne, Luc Dardenne (Belgia 2011) 1 t. 27 min.

En gripende fortelling om 12 år gamle Cyril som er plassert på en institusjon fordi faren ikke ønsker ansvaret for han. Når gutten møter frisøren Samantha blir hun som en mor for han og prøver å bringe ham på rett kjøl.

 

 

27. mars Landsbyen på toppen av fjellet

 

Regi: Michelangelo Frammartino (Italia 2010) 1t. 28 min.

Filmen utspelar seg i det sørlege Italia, i og rundt ein landsby som ikkje er innhenta av den moderne tida: ei stille bakevje som dyrkar merkelege lokale tradisjonar og lever i ro og mak. Skjønt kva veit vel me, anna enn det me dialoglaust får observere: Dyrkinga av det trivielle og enkle (med filosofisk abstraksjon) – gjetaren som bruker støv frå kyrkjegolvet som medisin, plukkar ein stein for å leggje på gryta med nyplukka sneglar, sneglane stikk av likevel, livet som nyfødt geit, ei furu som vert felt og reist att i landsbyfesten med mykje omstendeleg fiksing.

Blikket på landsbyen og landskapet rundt kan minne om naturfotografen eller antropologen sitt, berre noko meir kunstnerisk. Kanskje er det gjennom ein guddom sitt auge me studerar dette underlege vesle universet? -Eit univers der det meste både har funksjon og sjel.

Det heile er biletleggjort med vidd og ein underfundig visuell komikk. Poengterande komposisjonar og fotografisk tålmod let hendingar følgje sin eigen, indre og uføreseielege dramaturgi.

Ein nærast ubeskriveleg sekvens, filma med stasjonært kamera i ei tagning er filmens mest morosame og absurde augneblunk. Det involverar ein bil, ein påskeprosesjon, masse geiter og ein frekkas av ein hund.

Vinnar av prisen for Beste Film under Bergen Filmfestival 2010

 

 

13. mars Poesi

Regi: Lee Chang-dong. ( Korea, 2010). 2t 19min.

Er det mogleg å laga ein poetisk film om det å takla begynnande Altzheimer og om eit bortskjemd pubertalt barneborn som er innblanda i eit sjølvmord? Dette er ein film om verkeleg å sjå verden rundt seg. Filmen vann pris i Tromsø og i Cannes.

 

 

28. feb Det brenner i natt

 

Regi: Arne Schouen (Norge 1955) 1 t 36 min.

Tim lever tilsynelatande eit velordna liv og arbeider som korrekturlesar i ei dagsavis i Oslo, men han har òg ei atskilleg mørkare side, han er pyroman. Arne Schouen er ein av dei store norske regissørane, som ein her altså kan verta kjend med.

 

Norge 1955

Regi og manus: Arne Skouen

Foto: Finn Bergan

Musikk: Gunnar Sønstevold

Medv: Claes Gill, Elisabeth Bang, Harald Heide Steen, Gudrun Waadeland, Thor Hjorth-Jenssen  Norsk tale, DCP, s/hv, 1t 36min

 

Hundreårsjubilanten Claes Gills (1910 – 73) første filmrolle som korrekturleser og brannstifter i avismiljø, en psykologisk thriller, umiskjennelig signert Arne Skouen.

Det brenner i natt! tar opp et alvorlig tema som vakte reaksjoner på 50-tallet. Filmen skildrer et menneske som lider av en tilbøyelighet han ikke makter å kontrollere. Tim er til daglig korrekturleser i en av hovedstadens avisredaksjoner, men helt siden barndommen har han slitt med sin Mr. Hyde; han er pyroman. Skouens prosjekt har imidlertid ikke vært å svartmale denne rollefiguren. Han søker snarere å framstille brannstifteren som et offer for omstendigheter han ikke rår over. Pyromanien er en sykdom som Tim ønsker å fri seg fra, og filmen lar seeren ta del i hans kamp mot sinnslidelsen.

Read more...
 

14. februar PINA (3D)

regi: Wim Wenders (Tyskland 2011) 1 t 44 min

Filmen Pina er fylt med dans, rørsler, musikk og det vakre i ulike rom. Det er ei hypnotisk oppleving utanom det vanlege. Her blir verkeleg potensiale i 3D-filmen utnytta. Regissør Wim Wenders hyllar med filmen den legendariske koreografen Pina Bausch, som døydde i 2009.

 

 

 

31. januar Vodka Lemon

 

VODKA LEMON.

Vi er i ein kurdisk landsby i Kaukasus, Armenia. Hamo er enkjemann og reiser kvar dag til kona si grav for å prata med henne. Borna har flytta ut og heimen vert meir og meir ribba for eigedelar, dei vert seld på marknaden for å skaffa pengar til mat.

På kyrkjegarden møter Hamo Nina, også ho er enkje, og eit venskap utviklar seg litt etter litt. Den dagen ho misser jobben sin på Vodka Lemon, ein utsalsstad for vodka til den fattige lokalbefolkninga, må ho venda seg til Hamo for å få hjelp.

Filmen føregår i eit ublidt og forblåst arktisk landskap der augeblink av omsorg, humor og varme er det som skal til for å klara seg. Den kurdiskasiatiske regissøren Hiner Saleem er sjølv djupt fascinert av det harde livet i eks-sovjetrepublikken Armenia: ”For meg er alle armenarane tryllekunstnarar, for eg forstår ikkje korleis dei lukkast i å overleva. Eg reknar med dei ikkje forstår det sjølv heller.”

”Vodka lemon er ein uvanleg vakker film. Eit fantasirikt, rørande og poetisk verk skapt utifrå ein smertefull observasjon av den verkjelege verda.”

 

17. januar The Royal Tenenbaums

Royal Tenenbaum, ein rik, sjølvsentrert og sjellaus kjeltring forlet kona si og tre uhyrlige born. Tjue år seinare, blakk og ærekrenka vil han ha dei igjen. Strategien hans vert å lyga på seg uhelbredeleg kreftsjukdom.