Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Arkiv Vår 2014

film vår 2014

22. april, Spise sove dø

Regi: Gabriela Pichler ( Sverige2012) 1t. 40 min.

”Eg ville lage ein film om menneska eg alltid har elska, men samstundes skamma meg over at eg er ein del av. Eg ville ta revansje på alle som hevdar at det ikkje finst klassar i samfunnet vårt og at alle har like føresetnader,” skriv regissør Gabriela Pichler. Ho har laga ein film som delvis er basert på historia til sin eigen familie. I sentrum for forteljinga finn me tenåringen Rasa som arbeider på fabrikk ein stad i Sør-Sverige.

 

08. april, Onkel Boonmee som kan erindre sine tidligere liv

Regi: Apichatpong Weerasethakul (Thailand, 2012) 1 t 53 min ”Å sjå denne filmen er som å vera i ein vakker og merkeleg draum” sa Tim Burton som var ju-ryformann da denne filmen vann Gullpalmen i Cannes. Boonmee lid av ein akutt nyresjuk¬dom. Han har samla dei næraste på ein land¬stad der han ynskjer å opphalde seg dei siste dagane av livet. Ein kveld kjem Boonmee si avlidne kone på besøk i form av eit spøkjelse.


 

25. mars, Jakten

Regi: Thomas Vinterberg (Dansk, 2012) 1 t. 55 min

Om moderne heksejakt i ein dansk småby. Ei tilfeldig løgn får konsekvensar for 40 år gamle Lucas som endeleg har fått orden på livet att. Løgna spreier seg som eit virus og det vetle sam¬funnet er plutseleg på randa  av kollektivt hys¬teri. Lucas må kjempe skal han halde på verdet og livet. Filmen vann i 2013 Nordisk Råds filmpris og Mads Mikkelsen fekk prisen for beste mann¬lege hovudrolle i Cannes same år.

 

11. mars, Stem nei

Regi:Pablo Larrain ( Chile 2012 ) 1 t. 57 min

Filmen er basert på verkelege hendingar i Chile på 1980-talet. Diktatoren Augosto Pinochet går etter internasjonalt press med på å halde folk¬erøysting. Skal han verte  sitjande eller gå? Nei-sida har hyra inn reklamemannen René. Han og kollegaene lagar plakatar, klistremerke og reklamefilm. Kan ein felle ein diktator på same måte som ein sel brus og joggesko? Filmen har eit realistisk preg og fortel ein særs viktig del av landet si historie.

 

25. februar, Tusen ganger god natt

Regi: Erik Poppe (Noreg, 2013) 1 t. 32 min

Rebecca er ein av verdas mest anerkjende krigs¬fotografar. I arbeidet med å skildra ein kvinne¬leg sjølvmordsbombar i Kabul, tek ho for store sjansar og vert alvorleg skada. Heime orkar ikkje lenger mannen og borna tanken på at ho stadig lever i livsfare. Ho må velje, familien eller jobben. Franske Juliette Binoche spelar rolla som Re¬becca. Historia baserer seg på Poppe sine eigne røynsler som krigsfotograf på 80-talet.

 

11. februar, Ildfjell

Ildfjell Tysdag 11. februar kl 19.30

Regi: Rúnar Rúnarsson (Island 2012) 1 t. 35 min.

Filmen skildrar siste akt av ei islandsk kjærleikshistorie. Hannes og Anna har levd saman i nærare 40 år. Hannes går av med pensjon og lever sitt eige liv på dagtid med eit nærmast ikkje-eksisterande forhold til sine eigne born og kona. Dramatiske hendingar endrar synet hans på til¬været og haldninga til dei næraste. Dette er eit nostalgisk og innsiktsfullt drama om alderdom og kva som gjer livet verdt å leve frå Islands kanskje mest spanande regissør.


 

14.jan. Den grønne sykkelen

Regi: Haifaa Al Mansour Lengde: 1 t. 37 min.

En sjarmbombe fra et lukket land Wadjda er ei nysgjerrig og uredd jente på ti år. Hun drømmer om en grønn sykkel, men i Saudi-Arabia hvor Wadjda bor er det ikke tillatt for jenter å sykle i gatene. Mens moren hennes er opptatt med å overbevise faren om å ikke finne seg kone nummer to, prøver Wadjda å skaffe penger til å kjøpe sykkelen selv. På skolen er hun kjent som en bråkmaker. Da hun melder seg opp i en konkurranse i Koran-resitasjon der førsteprisen er en pengesum, blir lærerne hennes overrasket. DEN GRØNNE SYKKELEN er en sjarmerende og engasjerende fortelling om ei tøff jente som trosser samfunnets regler for å følge sin egen vei. Wadjda er en heltinne full av liv og Waad Mohammed er et funn i rollen. Hennes energiske pågangsmot er smittende og filmen har vunnet publikums hjerter verden over. Dette er den første spillefilmen fra Saudi-Arabia, et land uten kinoer. Filmen er i tillegg regissert av en kvinne, Haifaa Al Mansour.

Mer info om filme n  på Arthaus

Trailer   http://www.filmweb.no/trailere/article1129723.ece?clip=1

 

28. januar, Frances Ha

Regi: Noah Baumbach (USA 2012) 1 t. 26 min.

Frances Ha er forteljinga om ei 27 år gammal jente som bur i New York. Ho kastar seg ut i livet for å realisere draumar, men vert stadig konfrontert med røynda. Ho dansar utan å vere særleg god til å danse, har ikkje nokon stad å bu og har ei bestevenninne ho ikkje lenger snakkar med. Filmen er både morosam og rørande, og er ein nydeleg ode til New York i svart-kvitt.