Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Arkiv Haust 14

filmprog haust14

Le havre

09. desember kl 19.30

Regi: Aki Kaurismäki (Finland / Frankrike 2011) 1 t. 33 min. 

Kaurismäkis nye hjartevarmar. Den finske kultregissøren er nemleg tilbake med ein film full av varme, humor og regissøren sin særeigne stil. Den vann då og publikum sine  hjarte på filmfestivalen i Cannes. ”LE HAVRE” er ein hyllest til franske filmar frå ei svunnen tid, men også et håpefullt og aktuelt humanistisk verk.


 

Only lovers left alive

25. november kl 19.30

Regi: Jim Jarmusch  (USA 2013) 2 t. 02 min. 

Vi møter to eldgamle vampyrar som etter hundrevis av år på vandring, begynner å keia seg ein smule. Samstundes har dei utvikla ein eklektisk nase for kunst, og elskar kvarandre djupt og inderleg.
 Viss du håpar på flekking av vampyrtenner og blodfest, vil du kanskje bli skuffa. I staden får du oppleva filmhistoria sitt avgjort mest interessante og originale vampyrpar, Adam og Eva, spelt av Tom Hiddleston og Tilda Swinton.



 

En mann som skriker

11. november kl 19.30

Regi: Haaifa Al Mansour (Tsjad 2011) 1 t. 32 min. 

Den tidlegare svømmestjerna Adam og sonen Abdel har begge jobb ved det elegante hotellet i byen. Adam har ansvaret for svømmebassenget der sonen aktiviserer gjestene med populære leikar og treningsopplegg. Adam er stolt av jobben sin og passar bassenget med bestemt og kjærleg hand. Han har fin uniform og status. Men hotellet har økonomiske problem og må seia opp folk. Valet står brått mellom far og son. Tsjad er eit land på randa av borgarkrig, og styresmaktene krev at alle bidrar, enten med pengar eller med muskelkraft. Adam har ingen pengar, men han har ein son. 


 

Ida

28. oktober kl 19.30

Regi: Pawel Pawlikowski (Polsk 2013) 1 t. 22 min. 

Anna mistar begge foreldra under andre verdskrig og veks opp i eit kloster i Polen. Som ung novise er ho i byrjinga av 1960-talet klar til å avleggja klosterløfta, men først må ho oppsøkja den siste gjenlevande slektningen sin. Den seksuelt frilynde og frittalande tanta, Wanda,  snur opp ned på livet hennar. Familieløyndommar vert avslørte, og Anna og Wanda drar på ei reise for å finna sanninga om familien sin lagnad under krigen.

Filmen er i glødande svart-kvitt med utsøkte og nydelege bilde-komposisjonar. Filmen tar opp eit kontroversielt tema i Polen: Forholdet mellom katolikkar og jødar under andre verdskrig. Den store historia og det heilt personlege vert sett saman til ein poetisk og vakker film om å setja trua si på prøve.


 

Meg Eier Ingen

02. september kl 19.30

Regi: Kjell-Åke Andersson (Svensk 2013) 1 t. 49 min. 

Då Lisa er fire år, forlet mora heimen. Ho veks opp med pappa Hasse som ho elskar utan atterhald. I åra som går, kjempar ho for å halda fast ved heilskapsbildet av den stadig meir alkoholiserte faren sin. Til slutt vert ho  stilt ovafor eit avgjerande val. Ei gripande, varm og sorgmunter oppvekstforteljing frå Sverige på 70-talet. Først og fremst ei sterk historie om eit far-dotter-forhold utanom det vanlege, men òg eit portrett av det svenske sosialdemokratiet og tiåret som markerte vendepunktet for det svenske "folkhemmet".


 
  • «
  •  Start 
  •  Prev 
  •  1 
  •  2 
  •  Next 
  •  End 
  • »
Page 1 of 2