Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Arkiv Vår 2015

Program vår 2015

Cowspiracy

20. januar kl 19.30

Regi: Kip Andersen, Keegan Kuhn  (USA 2014) 1 t. 31 min. 

Dokumentaren  har ein kontroversiell bodskap om moderne kjøttproduksjon som bidreg særs negativt til dagens alvorlege miljøproblem. Andersen tek oss med på si eiga reise som ihuga miljøaktivist frå han var berre gutungen. Frå sin eigen kvardagsaktivisme undersøker han nærare kva som styrer miljøorganisasjonane sine val av kva saker som får merksemd, og kvifor. Anderson sin film er ein spanande personleg odyssé, kor både jorda, dyra, menneske og miljø speler sentrale roller.

 

Vinterland

Med kort forfilm:Ja vi elsker

Tysdag 27. januar kl 19.30 

Regi: Hisham Zaman, (Norge 2006) 53 min. 

Ei varm og humoristisk historie om den kurdiske flyktningen Renas som bur åleine, langt mot nord, og langt frå heimlandet. Snart skal han gifta seg med Fermesk, ei vakker jente frå god famillie som skal koma med fly frå Nord-Irak. Men når Fermesk endeleg kjem, liknar ho ikkje kvinna på fotografia;  ho er heilt annleis enn han har førestelt seg. Heller ikkje han lever opp til førestellingane hennar om drøymemannen. Den første forelskings- rusen er over. Begge angrar. Men no har dei berre kvarandre, under same tak - i vinterlandet.


 

To dager en natt

/forfilm: Moulton og meg

Tysdag 10. februar kl 19.30 

Regi: Jean-Pierre Dardenne, Luc Dardenne (Belgia 2014) 1 t. 35 min.

Filmen som var med i hovudprogramet i Cannes-festivalen i fjor, handlar om arbeidsløyse, von og solidaritet i dagens Europa. Sandra får vita at arbeidsgjevaren hennar har gitt kollegaene valet mellom å motta ein bonus på 1000 Euro eller å la henne halda fram i jobben. Leiinga har ikke råd til begge deler. Ho har då ei helg på å gå rundt fra kollega til kollega og overtala dei til å takka nei til dei ekstra pengane slik at ho sjølv ikkje skal bli arbeidslaus; ein ekstremt audmjukande situasjon det er umogleg å koma sigrande ut av. 

 

Om hester og men

For film klipp gå her: http://www.filmweb.no/trailere/article1144256.ece?clip=1

/forfilm: Norske grønnsaker 

Tysdag 24. februar kl 19.30 

Regi: Benedikt Erlingsson (Island/ Noreg/Tyskland 2013) 1 t. 20 min.                                  
 Denne publikumsfavoritten er ein romantisk komedie som vever saman ei rekkje skrøner om eit lite islandsk bygdesamfunn og dei menneska - og hestane(!) - som bur der. Menneska verkar minst like styrte av dei dyriske instinkta sine som dei firbeinte vennene deira i denne humoristiske filmen. Ein får sjå ugløymelege, lidenskapelege scener mellom hingst og merr, mann og kvinne - og ikke minst for nokre flasker russisk vodka.

 

The act of killing

 / forfilm: Steg

Tysdag 10. mars kl 19.30 

Regi: Christine Cynn, Joshua Oppenheimer (Danmark, Noreg, Storbritannia 2012) 2 t 39 min

” Jeg har ikke sette en film så kraftig, surrealistisk og skremmende de siste ti årene. Den er enestående i filmhistorien”, har meisterregissøren Werner Herzog uttala etter å ha sett The Act of Killing. I filmen fylgjer me mennene som myrda over ein million menneske i Indonesia på 1960-talet. I dag vert dei dyrka som helter. Deira lidenskap for Hollywood vert nytta for å gjenskapa handlingane som fiksjonsfilm. Filmen har motteke ei rekkje  internasjonale prisar.


 

Det er meg du vil ha

/ forfilm: Rulletrappen 

Tysdag 24. mars kl 19.30 

Regi: Dag Johan Haugerud (Noreg 2014) 52 min

Ein kvinneleg ungdomskulelærar forelskar seg i ein 15 år gammal elev. Kva ville du tenkje om du sat ovanfor denne læraren og høyrde hennar historie? Kor går grensene for menneskelege kjensler? Andrea Bræin Hovig spelar kvinna som fortel si eiga historie og filmen er regissert av Dag Johan Haugerud. (Som du ser meg).


 

Lady Chatterley

/forfilm: How do you like my hair?

Tysdag 07. april kl 19.30 

Regi: Pascale Ferran (Frankrike 2006) 2 t. 48 min. 

Den unge, vakre og nygifte Lady Chatterley kjem til den nye heimen sin saman med den krigsskadde ektemannen sin. Uvanleg for ei kvinne frå aristokratiet, utforskar ho omgjevnadene kring herregarden og finn stor glede i naturen. På ein av dei mange turane sine i skog og mark blir ho kjend med den lite pratsame skogvaktaren. Dei trekkjest mot einannan, og ein hittil slumrande lidenskap vaknar i Lady Chatterley. Denne franske filmen er basert på ein tidleg versjon av D. H. Lawrences litterære klassikar, ”Lady Chatterleys elsker”, som i 1928 vekte stort oppstuss for det utilslørte erotiske innhaldet i boka. Prisbelønnet filmatisering av D. H. Lawrences klassiker


 

Viviannes kamp

GETT, THE TRIAL OF VIVIANE AMSALEM / forfilm: Det er ikke så lett

Tysdag 21. april kl 19.30 

Regi: Ronit og Shlomi Elkabetz (Israel /Frankrike 2014) 1 t. 55 min. 

Syskenparet Elkabetz har regissert ein trilogi om kvinneundertrykking og ekteskap i Israel, der Vivianes kamp er den avsluttande filmen. Trass i at handlinga føregår i rettsalen, er filmen full av både humor og sårbarhet, og ein blir rive med frå første til siste bilde. Gjennom ein fleire år lang rettssak blir forholdet deira nøsta opp, og desperasjonen til Vivane blir stadig større. Ein intens film om ekteskap, om kjærleik og svik. Me får òg innblikk i den delen av det israelske samfunnet som ikkje er gjenstand for medias merksemd. Filmen er eit kammerspel om hierarki, likskap og lengt etter fridom og råderett over eiga liv