Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Arkiv Haust 15

program haust 2015

Kortfilmkveld favoritter fra Grimstad 2015

Kortfilm Kveld

Tysdag 13. oktober  kl 19.30 

Regi: Flere (Norsk 2015) 1 t. 12 min.

Small Talk (Lisa Brooke Hansen), Verdensvevde kropper (Truls Krane Meby), Mot Nord (Skate) (Jørn Nyseth Ranum), It was mine (Kajsa Næss), All in (The Fjords)( Line Klungseth Johansen), Dot delight (Kristian B. Walters), Oslos Rose (Det Sporadiske Filmkollektivet).

 

Jordens Salt

Tysdag 27. oktober  kl 19.30 

Regi: Juliano Ribeiro Salgado, Wim Wenders (Frankrike 2014) 1 t. 50 min.

Ein sterk dokumentar om den brasilianske fotograflegenda Sebastião Salgado som i over 40 år har reist rundt i verda og teke bilete av konfliktar, menneskeleg liding og venleiken til naturen. Filmen er ei  fantastisk hyllest til den verdskjende fotografen  Salgado  men kanskje  mest av alt er det ei forteljing om vår tid. Jordens salt er nominert til Oscar og har vunne fleire prisar m.a. publikumsprisen på Tromsø internasjonale filmfestival.


 

Still Life

Tysdag 10. november  kl 19.30 

Regi: Uberto Pasolini (Engelsk 2014) 1 t. 31 min.

Dette er ein nydeleg og gripande film om verdighet, og om den vesle mann sin kamp mot systemet. Filmen kan minna om filmane til både Aki Kaurismäki og Charlie Chaplin med sitt sobre portrett av vanlege menneske. I handlinga møter me John som ynskjer dei ofte einsame og tilbaketrukne klientane sine ei verdig gravferd, noko som den nye sjefen vil effektivisera.   John vert spela av Eddie Marsan, ein av Storbritannia sine fremste karakter skodespelarar.

 

Fuglekikkere

Tysdag 24. november  kl 19.30 

Regi: Marco Bechis (Brasil / Italia 2008) 1 t. 49 min.

Ekspanderande  landbruk  i det fruktbare området Mato Grosso do Sul i Brasil, tvinger indianarane til å busetja seg i spesielle reservat. Fattigdom og manglande moglegheiter tærer på fellesskapet og sjølvmordstala mellom dei unge er høgare enn nokon annan stad i verda. Fuglekikkarar går rett inn i den grelle røyndomen mange urfolk lever i, prega av desillusjon og maktesløyse. Vi ser og korleis dei blir brukte/misbrukte av turistaktørane. Filmen tek opp aktuelle og vanskelege spørsmål knytte til landrettar og kulturuttrykk som stadig kjem under meir press i det moderne samfunnet. Forteljarforma gjer at filmen bør apellera til cineaster likså vel som til dei antropologisk interesserte.


 

20,000 Days on Earth

Tysdag 08. desember  kl 19.30 

Regi: Iain Forsyth og Jane Pollard (Engelsk 2014) 1 t. 37 min.

“It’s your limitations that make you the wonderful disaster that you probably are.” Eit interessant sitat frå den australske  musikaren  Nick Cave. Det vitnar om eit varmt hjarte bak den kule fasaden han alltid ber med seg.  Vi følgjer Nick Cave gjennom  dagen som markerer hans 20.000. dag på jorda. Ein heilt vanleg dag der denne særs kreative musikaren fortel om seg og sitt liv og sine tankar og idear, om inntrykk og om forhistoria si. Vi får eit innblikk i korleis ein musikar gjennom diverse prosessar skaper musikken og kva han blir påvirka av. Heile tida med same steinansikt. Sjølvsagt blir det mykje musikk, men og ein collage av bilete, filmklipp og møte med menneska rundt han. 


 

Fantasia

Tysdag 15. desember kl 19.30 OBS Ekstra film!!

Regi: Walt Disney (USA 1940) 2 t. 00 min. 

Nyutgivelse av Disneys tidløse og flotte mesterverk fra 1940. Klassisk musikk framført av The Philadelphia Orchestra, under ledelse av dirigent Leopold Stokowski, gir lyd til de fabelaktige bildene. I det som var Disneys tredje animerte langfilm møter vi dansende sopper, fortryllende alver, marsjerende koster, mørke demoner og Mikke Mus som trollmannens læregutt – i tillegg til en rekke andre, uforglemmelige episoder. 


 

En due satt på en gren og funderte over tilværelsen

Tysdag 29. september  kl 19.30

Regi: Roy Andersson  (Norge / Sverige / Frankrike / Tyskland 2014) 1 t. 41 min.

Anderssons trilogi om det å vera menneske starta med Sanger fra andre etasje i 2000, heldt fram med Du levande i 2007 og kulminerer no med ein film som er like fantastisk, vittig, absurd og underleg som tittelen indikerer. Her formidlar Andersson eksistensen vår i både mørke og lyse stunder, i ein overraskande morosam film som er full av det menneskelege – sjel og varme. 

Vi møter små, grå menneske i eit stilisert bymiljø, der dei blir utsette for ulike utfordringar, provokasjonar og/eller påkjenningar som set reaksjonsmønstra deira på prøve. Somme kritikarar har hevda at dette er ein av årets største kino-opplevingar!


 

Drone

Tysdag 15. september  kl 19.30 

Regi: Tonje Hesse  (Norsk 2014) 1 t. 18 min.

Det er ikkje lenge sidan det kjendest viktig å diskutera om valdelege dataspel kunne inspirera til valdelege handlingar i det verkelege livet. I Drone er dette røyndommen, for filmen skildrar korleis unge, amerikanske spelentusiaster ganske enkelt blir omdanna til soldatar framfor skjermen. Her får ein oppleva innsida av CIAs hemmelege dronekrig mot antatte terroristar på andre sida av kloden - frå dronepilotane sin databunker til ofra på bakken. Korleis er det å leva under dronene? Korleis er det å drepa med joystick i regi av CIA? er viktige spørsmål. Det overordna målet hennar er å reisa menneskerettslege spørsmål ved bruken av droner utanfor erklærte krigsområde.