Kvam-filmklubb

Du er her: Forside Arkiv Vår 2016

Program vår 2016

Leviathan

Leviathan

Tysdag 09. februar kl 19.30 

Regi: Andrey Zvyagintsevs (Russisk 2014) 2 t. 21 min.                                          
« Gripande drama om harde kår, harde karar og hardcore liv i eit russisk småbysamfunn mot nord. Tydeleg, men ikkje påtrengjande symbolikk fargar det bleike, klare lerretet.» (Brit Aksnes i Dag og Tid). Leviathan  er eit meisterverk frå Russland som smart og opprørande fortel om korrupsjon og maktmisbruk i eit av dei næraste nabolanda våre.  Filmen/regissøren fekk  manusprisen under filmfestivalen i Cannes, Golden Globe for beste framandspråklege film og er Oscar-nominert i same kategori.

 

The Grand Budapest Hotel

The Grand Budapest Hotel

Tysdag 23. februar kl 19.30

Regi: Wes Anderson (USA 2014) 1 t. 39 min. The Grand Budapest Hotel er rett og slett ein herleg film frå Wes Anderson, ein unik filmskapar med ein signatur som er lett å kjenna att. I filmen er livet ein fest, og døden ein leik, sjølv når bakteppet openbert er inspirert av eit mørkt kapittel av Europas historie. Ein sit kanskje ikkje att med djupare forståing for korkje fortid eller notid, ei heller med større innsikt i menneskeslekta, men filmen fortel ei god historie ved hjelp av eit rikt persongalleri i eit draumande univers. Denne filmen er skapt for å nytast godt bakoverlent, både i kropp og sjel.

 

Taxi Teheran

Taxi Teheran

Tysdag 15. mars kl 19.30

Regi: Jafar Panahi (Iran 2015) 1 t. 22 min. I filmen spelar regissøren med yrkesforbod seg sjølv som taxisjåfør, med kamera på dashbordet. Vi får eit møte med passasjerane og situasjonen deira. Denne fragmenterte forteljinga blir som ein serie kortfilmar med referanse til regissøren Panahi sine tidlegare filmar. Tonen i filmen vekslar mellom lett komedie og blodig alvor. I starten kan ein bli lurt til å tru at det er ein slags dokumentar, men alt er altså iscenesett. Panahis bodskap kjem sakte snikande opp til overflata.Filmen er underfundig, interessant, elegant løyst, hjerteskjærande sår og djupt menneskeleg.Ta deg ein tur i drosjen til Jafar Panahi, og opplev Teheran i dag!

 

I De Beste Hjem

I De Beste Hjem

Tysdag 29. mars kl 19.30

Regi: Francois Ozon (Fransk 2012) 1 t. 45 min. 16-år gamle Claude skriv ein stil som vekkjer interessa til fransklæraren Germain. Stilen er ei velformulert utlevering av heimen til Claude sin klassekamerat. Germain blir nysgjerrig på eleven sitt litterære talent, og han oppmodar han til å skriva vidare om det han observerer. Læraren blir dregen inn i gutten si skildring av livet innanfor dei fire veggane og spesielt får han interesse for klassekameraten si mor. Dette utløyser ei rekkje hendinger som korkje Claude eller Germain har kontroll over.

 

Dheepan

Dheepan

Tysdag 12. april kl 19.30
 Regi: Jacques Audiard (Frankrike 2015) 1 t. 55 min. DHEEPAN er ein ny film frå regissøren av dei kritikarroste «PROFETEN» og «RUST OG BEIN», og vann sjølvaste Gullpalmen under filmfestivalen i Cannes. Med passet til ein daud mann kjem ein medlem av den srilankiske geriljagruppa Tamiltigrane inn i Frankrike saman med ei kvinne og ei jente han knapt kjenner. Dei gjev seg ut for å vera ein familie, i ein av dei fattige forstadene til Paris. Kombinasjonen av Jacques Audiards intense, skittenrealistiske regi og imponerande innsats frå hovudrolleinnehavaren gjer dette til ein unikt original og djupt medrivande film om det hyperaktuelle temaet - å koma til Europa som flyktning.

 

Sangen fra havet

Sangen fra havet   Tysdag 26. april kl 19.30

Regi: Tomm Moore (Dansk, Fransk 2014) 1 t. 33 min. SANGEN FRA HAVET er ei prisløna teikna forteljing for små og store, inspirert av den irske segna om selkiane - ein skapning som er halvt sel, halvt menneske. Røystene i filmen tilhøyrer rutinerte folk som Ane brun, Trond-Viggo Torgersen. Anders Baasmo Christiansen, og Lise Fjeldstad. "Frå sinne til glede, frå mørke til ljos vert ei utruleg rikhaldig myteverd -, eit makelaust rikt visuelt univers framstelt – støtta av song, musikk og klangar som rett og slett er forførande. Heilt fabelaktig, «gamaldags» teiknefilm som grev djupt i keltiske mytetradisjon. Alle aldersgrupper vil kunna gleda seg over ei sjeldan, rik og rørande filmperle!" (Jon Selås, VG)

 

Boyhood

Boyhood

Tysdag 26. januar kl 19.30 

Regi: Richard Linklater (USA 2014) 2 t. 46 min.                                                      
I BOYHOOD har regissøren Richard Linklater fylgd dei same skodespelarane gjennom ein 12-års periode, frå 2002 til 2013. Resultatet er blitt ei heilt unik oppveksthistorie, som både er episk og intim der ho gjev oss innsikt i barndommen si uskuld, korleis familieband endrar seg og kva «tidens tann» gjer med oss alle. Filmen har fått ei rekkje utmerkingar, m.a. Golden Globe 2015 for beste dramafilm, best regi og for beste kvinnelege birolle.


 

Louder Than Bombs

Louder Than Bombs

Tysdag 12. januar kl 19.30

Regi: Joachim Trier 1 t. 48 min. 

Regissør Joachim Trier har sammen med Eskil Vogt skrevet manus. Tre år etter at fotografen Isabelle Reed dør i det som tilsynelatende var en bilulykke, må enkemannen Gene fortelle sin yngste sønn hva som egentlig skjedde. Han ber sin eldste sønn om å komme hjem for å hjelpe, men istedenfor vender han seg mot ham. Han har sitt eget bilde av sin mor og er ikke villig til å gi det opp. Med et slående billedspråk og innsiktsfulle karaktertegninger fortelles en sterk historie om løsrivelse og samhold i en moderne familie, men også om den vanskelige mellommenneskelige kommunikasjonen og om sorgprosess i stampe.