Kvam-filmklubb

Du er her: Forside

Neste Film

Tysdag 25. april kl 19.30 

Regi: Anne Fontaine (Frankrike Polen 2016) 1 t. 55 min.

Agnus Dei er ei sterk og rørande historie ifrå røynda, med store skodespelarprestasjonar og med eit heilstøpt og innsiktsfullt manus. Den fransk-polske filmen utspelar seg i eit kloster i 1945 der fleire nonner er høggravide etter overfall av russiske soldatar.
Filmen tek opp tema som traumer, skam, gudstru og vennskap, skildra med eit vakkert filmspråk. Ei sterk filmoppleving om ei side av historia etter 2. verdskrig som er mindre kjend