Tysdag 29. august kl 19.30 

{youtube:

580 320}

Regi: Maren Ade (Tysk 2016) 2 t. 42 min. 

Winfried ser ikkje mykje til si karrierefokuserte og travle dotter Ines. Ein dag bestemmer han seg for å overraska henne med eit besøk.

Men det byr på utfordringar når han, i overkant eksentrisk og tullete, invaderer livet hennar utan varsel. Det vert ikkje betre når hans alter ego Toni Erdmann dukker opp. Ikkje noko vert halde tilbake, men Ines tek utfordringa. Dess lengre dei dreg spøken, dess nærare kjem dei kvarandre i all galskapen. KANskje faren fortener ein plass i livet hennar likevel? MIN PAPPA TONI ERDMANN er eit spenstig og leikent drama om ein generasjon som har svikta verdiane til foreldra.


Tysdag 24. oktober kl 19.30 

{youtube:

580 320}

Regi: Amanda Kernell (Sverige 2016) 1 t. 50 min. 

 'Sameblod' er kjærlighetserklæring til dem som forlot og de som ble værende...

Elle Marja, 14, er en reindriftssamisk jente. Hun blir utsatt for rasisme på 1930-tallet, og rase-biologiske undersøkelser på kostskole. Hun begynner å drømme om et annet liv. For å oppnå dette, må hun bli en annen, og bryte alle bånd med sin familie og kultur…


Tysdag 12. september kl 19.30 

{youtube:

580 320}

Regi: Jean-Pierre Dardenne, Luc Dardenne (Belgisk 2016) 1 t. 46 min. 

Ei gripande historie om skuld, moral og ansvar.

Jenny er ein ung og ambisiøs lege. Ho har praksis ved eit lite, offentleg legekontor. Det går mest i rutinekontrollar og minstepensjonister, men ho har karrierestigen klar: Snart skal ho vidare til ein godt betalt jobb i det private næringslivet.

Ein kveld etter siste pasienten er ferdigbehandla ringer det på døra. «Vi er ferdige for i dag», seier ho til turnuskandidaten som vil opna. Folk må læra seg til å koma i tide. Dagen etter får ho besøk av politiet.



Tysdag 07. november kl 19.30 

{youtube:

580 320}

Regi: Deniz Gamze Erguven (Tyrkia Frankrike Tyskland 2015) 1 t. 37 min. 

Fem søstre sin kamp mot tvangsekteskap. I ein landsby nord i Tyrkia går Lale og dei fire søstrene hennar heim frå skulen mens dei leiker uskuldig med nokre gutar. Denne uskuldige leiken får uventa fylgjer. Familien er livredde for at jentene skal føra skam på dei og gjer heimen om til eit fengsel for jentene. Skulegang blir bytta ut med heimeundervisning i husmoryrket og giftermål blir arrangerte. Dei fem systrene drøymer seg tilbake til tidlegare dagers fridom og finn stadig vegar rundt begrensingane som er sette for dei.


 Tysdag 26. september kl 19.30 

{youtube:

580 320}

Regi: Zhao Liang (Frankrike / Kina / 2015 ) 1 t. 30 min.

I Zhao Liangs nyaste film er det kullgruva som er Behemoth-monsteret. Med ein konstant og støyande rytme et den opp stadig meir fruktbar jord og spyr ut igjen jernmalm, kull og gråstein. Som tilskodar kjenner ein ubehaget på eigen kropp: ein kjenner kullstøv og sot i kvart einaste andedrag. I krysningspunktet mellom dokumentar og kunstfilm får vi innblikk i korleis Kina sin kull- og stålindustri påfører millionar av gjestearbeidarar den dødelege sjukdomen pneumoconiosis. Estetikken vert skapt av kontrastar: vakre landskapsbilete går over i portrett av utmatta og skitne gruvearbeidarar.



Tysdag 21. november kl 19.30 

{youtube:

580 320}

Regi: Zaradasht Ahmed (Norge og Sverige 2016) 1 t. 46 min. 

Vi er i Nord-Irak, i området kjend som «Dødens triangel». Vi møter sjukepleiaren og firebarnsfaren Nori Sharif nett når dei ameriaknskes styrkene trekk seg ut av landet. Men håpet om fred og gjenoppbygging vert snudd til ein ny og verre krig – ein som bryt alle tabu og der du ikkje kan skilje ven frå fiende. Det finns ingen trygge gøymestader. Korleis skal Nori og familien klare seg?    Filmskapar Zaradasht Ahmed har følgd Nori og familien hans i over fem år. Gjennom møtet med Nori sitt kvardagsliv får vi eit nært og unikt innblikk i krigen sine konsekvensar. Vi får òg ei betre forståing av bakgrunnen til mange av dei som flyktar til Europa.


Tysdag 10. oktober kl 19.30 

{youtube:

580 320}

Regi: Mohamed Ben Attia (Tunisia 2016) 1 t. 33 min. 

Hedi er knapt til stades i eige liv. Det er mora som bestemmer alt sjølv om han er 25 år gamal. No har ho bestemt at han skal gifta seg med vakre Khedija. Ho er eit flott kone-emne, men ho tenner ikkje Hedi. Han ynskjer seg berre vekk og tek gladeleg imot eit arbeidsoppdrag som medfører dagar på hotell. Der møter han dansaren Rim som vekkjer ukjende kjensler i den unge mannen. MIN ARABISKE VÅR fekk to prisar under filmfestivalen i Berlin. Den blei kåra til beste debutfilm og hovud -rolleinnehavar Majd Mastoura vann fortent Sølvbjørnen som beste skodespelar.



Tysdag 05. desember kl 19.30 


Regi: Dagur Kári (Island 2015) 1 t. 34 min. Dettte er ei utruleg vakker, medrivande og menneskeleg skildring av den eiegode, men litt naive Fúsi: ein overvektig middeladrande mann som som endå bur heime på guterommet. Han har for lengst gjeve opp livet og fordriv tida med barnslege leiker og ein kjedeleg jobb – kor arbeidskameratane konstant mobber han. Når mora gir han eit dansekurs i fødselsdagsgåve stiller han motvillig opp. Her treff han Sjöfn, ei kvinne som endrar Fúsi og tankane hans om livet fullstendig.