Tysdag 25. april kl 19.30 

Regi: Anne Fontaine (Frankrike Polen 2016) 1 t. 55 min.

Agnus Dei er ei sterk og rørande historie ifrå røynda, med store skuespelar- prestasjonar, og eit heilstøpt og innsiktsfullt manus. Den fransk-polske filmen handlar om eit kloster i 1945, der fleire nonner er høggravide, etter overfall av russiske soldatar.

Filmen tek opp tema som traumer, skam, gudstru og vennskap, med eit vakkert filmspråk. Ei sterk filmoppleving om ei side av historia etter 2. verdskrig som er mindre kjend.

{youtube:

580 320}

Tysdag 21. februar kl 19.30 

Regi: Laszlo Nemes (Ungarn 2015) 1 t. 47 min.

SAULS SØNN er ein altoppslukande, intens og sjokkarta oppleving. I ei filmatisk banebrytande skildring av konsentrasjonsleiren Auschwitz, følgjer vi Saul, i hans jakt på ein flik av verdigheit i ein bekmørk verden.Sauls sønn er ein mesterleg film og ein helt utrolig regidebut fra 38 år gamle László Nemes! - Filmpolitiet Endelig kommer en filmskaper som utfordrer forventningene våre om hva en slik film kan fortelle – og hvordan den kan fortelles. - Aftenposten

{youtube:

580 320}

Tysdag 04. april kl 19.30  

Regi: Ruben Östlund (Svensk/ Norsk 2014) 1 t. 59 min.

Eit snøskred raser mot en familie på ein uteservering i Alpane. Ebba(Lisa Loven Kongsli) kaster seg over ungane, Tomas (Johannes Kuhnke) spring for å redde seg sjølv. Men når snøføyka legg seg, viser det seg at skredet har stoppa i tide. Når far kjem tilbake, let han som ingenting. Men når de får besøk av Tomas sin gamle skikompis Mats (Kristofer Hivju), blir dei konfrontert med det problematiske ved det som har skjedd.  Östlund driv fram historia med stor truverde. Han let konflikten snika seg fram, utan bombastiske verkemiddel.

Kvar song ei soge - NORSK TRAILER from Villa Lofoten Film on Vimeo.

Tysdag 07. februar kl 19.30 

Regi: Aaslaug Vaa (Norsk 2016) 1t.11 min

Opp gjennom hundreåra har songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. I songen skaper dei 115 innbyggjarane rundt Møsvatn, 900 moh og tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Amandanominert for beste dokumentar! 

{youtube:

580 320}

Tysdag 21. mars kl 19.30 

Regi: Barry Jenkins (USA 2016) 1 t. 51 min.

MOONLIGHT er eit grensesprengande og intimt portrett av ein ung svart manns liv frå barndom til voksen alder i eit tøft strøk i Miami. Filmen følger kampen hans om å finne sin plass i verda, og er ei tidlaus historie om menneskeleg kontakt og om dei augneblink, menneske og krefter som former liva våre og gjer oss til den vi er.

"Eit meisterstykke. Vi er ikke dei same menneska når vi forlet kinoen som då vi gjekk inn."  Rolling Stone magasin

{youtube:

580 320}

Tysdag 24. jan. kl 19.30 

Regi: Rúnar Rúnarsson (Island 2015) 1 t. 36 min.  

Ei uvanleg oppvekstskildring om forandring og kjærleik. Alt føregår i eksotiske og vakre omgjevna på Island. 16 år gamle Ari fra Reykjavik får eit brått møte med vaksenlivet den sumaren han må bu saman med faren i ein aude islandsk fiskarlandsby. SMÅFUGLAR er eit gripande portrett av ungdom i ei brytningstid. Ei fortelling om forandring, den fyrste store kjærleiken og eit far-son forhold som slit.

Prosjektet Scope100 er 100 filmentusiastar frå heile landet som stemmer fram årets sumarfilm frå Arthaus. Deltakarane har sett ti europeiske filmar og deretter valgt ut sin favoritt. SMÅFUGLAR vant med klar margin.

{youtube:

580 320}

Tysdag 07. mars kl 19.30 

Regi: Gianfranco Rosi (Italia 2016) 1 t. 49 min.

Den italienske øya Lampedusa er for mange flyktningar det første møtet med Europa. Dokumentaren syner korleis straumen av flyktningar verkar inn på det vetle samfunnet midt ute i Middelhavet. Me vert kjende med 12-åringen, legen og radioverten og kjem tett på mottaket i hamna. Kan kvardagen gå sin gang når havet kokar rundt dei? Ein visuelt slåande film som mellom anna har vunne Gullbjørnen i Berlin.

{youtube:

580 320}

Tysdag 10. jan. kl 19.30 

Regi:Gabriel MASCARO (Brasil, Uruguay, Nederland, Spania 2015) 1 t. 01 min.

Den brasilianske filmen Neon Bull gir eit heitt, dirrande og stemningsfullt bilde av livet til ein omreisande gjeng cowboyar i Brasil.
Historia i filmen har ingen spesiell konflikt eller oppbygging til eit klimaks, men den har ei imponerande miljøskildring, der alt synest autentisk.

Ein får ei kjensle av å bli invitert inn i eit etablert og innarbeida mikrokosmos, der alt og alle har sin plass. Skuespelarane ser ut som de aldri har gjort anna enn å handtere okser og bu samen i trange kår. (Filmen har fått mange gode meldingar og terningkast  5 og 6 mange stader. )